Startpage





download musicfile

Song frå grenseskogen
Doggfall i ein dal : dikt 1966.





SONG FRÅ GRENSESKOGEN

I

Her sat det ei jente så glad og song;
forelska ho var i ein krigar fjong.

Men far hennar truga på trass med tamp:
«Eg stengjer att døra for slik ein slamp!

Du får deg ein mann frå vårt eige amt
og ikkje ei blåtrøye med ein jamt *! »

Så sette han jarnlås for jomfrubur.
Og sidan så la han seg sjølv på lur.

Då friaren kom der, eit skott det small.
Og blodig i graset den jamten fall.

Men jenta ho tumla i skogen ut.
Ho ropte og gret for sin kjære gut.

Ho ropte ved dag og i mørke natt.
Dei leita, men fann henne aldri att.

II

Kan hende du sit her ein sommardag.
Lyd etter, då høyrer du klokkeslag.

For blåklokka ringlar i glimt av gru:
«Her låg h a n, her sprang h o, til døden tru!»

Og tiriltung' svarar si søster blid:
«For dei skal vi skine til evig tid!»

* Jamt: frå Jämtland, Sverige.



skrevet av Bjarne Slapgard


Bjarne Slapgard (født 11. november 1901 i Verdal - 25. desember 1997 i Levanger) var en norsk forfatter og folkehøgskole-lærer.


tonesatt av Abnescio


Abnescio ble utdanna ved universitetet i Trondheim. Og bor nå ved byen Molde. Og er barnebarn av Bjarne Slapgard.